torsdag 15. september 2011

Husauke!!

Eit lite tilbakeblikk sidan me fekk snikkarar til gards!! Her er muren til svalgangen støypt på øvstesida!!


Å vips var første etasje koma opp.



Bærevegg/delingsvegg oppkome i kjellaren.

Her ser vi der grovkjøkkenet mitt skal vere og her eg står å tek bilete skal de bli eit soverom.

Så røyste dei 2.etasje. Og huset vart straks dobbelt så stort!!


Vi har ny ark på halve nedsida av gamlehuset, her riv dei for å åpne opp.

Å her er det blitt åpning. Under dragaren skal det blir vegg så dette skal bli våre nye soverom. Kjekt med ein liten altan utfor soverommet. Så eg kan lofte sengklede og Husbonden kan jakte seie han :-D


Stova vår..... for meg er det eit sorgens kapittel..... me har no flytta opp til foreldra mine då det vart so kaldt der nede. Vinduet inn mot nyestova er flytta. Der skal kome ei dobbeldør. Og der ein ser det store holet er det på veg inn ei veranda dør.

Ny inngangsdør der inngangsdøra var før. Her skal det no blir vaskeromsinngang etter kvart. Dobbeldøra og ny inngang skal det bli på nye delen.

Her er veggen inn mot badet og stova på gamlehuset.

Her er nye delen av huset i 2. etasje. Det skal delast på to og bli bad og nytt rom til Mathias.

Her ser ein korleis huset ser ut i dag. Nærmar seg klart for legging av nytt tak.


Ja her er vår kvardag for tida. Me bur på to rom i kjellaren hos mamma og pappa. Vi lid inga nød, men saknar våre eige hus. MEN det blir!! Husbonden og pappaen min står på kvar einaste ettermiddag. Dei er kjempe flinke og tolmodige. Eg og bonnja prøvar å finne på litt for å få tida til å gå.


Ser eg må verte flinkare å ta bilde....


God haust alle mine lesarar!

Klem Linda