lørdag 22. juni 2013

Hei igjen!

Ja då er det vel på tide med eit aldri så lite livsteikn herifrå!! Godt over året sida sist.... jada.. tida flyg når ein har det bra :-) Mange har spurt etter oppdateringar frå huset, så det er nok på sin plass no!!
Så langar difor over eit bilderush.....
Ja huset har blitt dobbelt så stort no. Utruleg godt med god plass. Dobbelt så mykje å vaske, men no slepp eg ihvertfall å vaske ein plass for å flytte rundt på tinga... å godt er det! Held for tida på å male rekkverk.. fint skal de vere.. men mykje arbeid... det blir litt etter litt...

 
Her er huset sett nedanfrå.


Her er inngongen til nye stova. 
Ved holet gjennom dobbel døra, gjekk veggen før. No har vi sett i ei dobbel dør slik at ein kan legge den attpå ved behov. Før var dette alt av stove vi hadde, no er den kun ein myllagang/lita stove.


Gyngestol har eg også kjøpt meg, så fornøgd er eg.


Å finne stilen som passar inn i våre over 100 år gammalt hus var ikkje enkelt.. men eg var fast bestemt på å vidareføre den utan å bryte for mykje. Eg er ikkje tilhengar av å gjere det. Så etter mykje leiting fant eg ferdige malte plater som heitte "Retro". Dei ser ut som 7 cm breide panelfjøler. Akkurat slik som var i gangen frå gammalt av. Vi har panel på gangen, men eg synest den er vanskeleg å få skikkeleg fin, då det sprekk og er levande materiale. Så då blei det desse. og eg er kjempe fornøgd. Einaste fargen.. den er for kvit. Men med tida skal eg male dei.
 Å STOR stove, så utruleg herli.

 
Ekstra stor sofa har vi god plass til.
 

God golvplass. Ovnen likar eg godt.
Den er omlag som ein pyntegjenstand.
Men den varmar godt, og stova er varm på null komma niks.

 
 Tven vil eg ha opp på veggen, men det har ikkje skjedd enda.. Vi er litt uenige.. eg synest skjenken vi har kjøpt er alfor fin til å ha eit slikt storm monster oppå. Men den saka er vi ikkje ferdige med.

 
Muren bak ovnen er same som vi har laga til i den andre stova. Med skifer under. Den gamle kobbarkjelen til å ha ved i har vore mi/min mormor og morfar sin.

 
 Nytt bord, frå serien Palermo. Praktisk bord, men litt upraktisk med kvitt.. og små barnehender. Men ein må lide for skjønnheita...


 Skjenken er i same serien som bordet over. Og eg drøymer om vitrineskapet i same serien.. men no i første omgong held me på å lute og lage til ein gammal spegel kommode og den vil eg gjerne ha i stova. Så ikkje plass med det første ihvertfall. Eg likar veldig godt luta møblar, dei har ein slik utruleg sjarm for meg.

 
Myllastova (gamlestova) blir brukt til så mangt. Av og til med lenestolar og av og til med spisebord. Dette bordet og stolane har eg vanlegvis i kjellaren, men likar å ha det framme litt meir enn kor mykje vi brukar kjellaren, så då får det stå her.


 Begge gamlestovene fekk nye golv før me flytta innigjen i fjor. Så alle stovene og kjøkkene har same golv no. Deilig med nye golv uten djupe furer, men kanskje litt upraktisk med så lyse golv... Men eg er veldig fornøgde.

 
 Jammen langt med stover no.. når eg står på kjøkkene å ropar inn til borna i nye stova så er det som oftast lite svar... seier vel litt...
 


 
 Den nye brannmuren i gamle stova.
Det er lagt natursteinliknande steinblokker, i litt lys grå.
 
 
 Her er stovene dekka til 30 årslaget mitt.
God plass til nesten 30 gjestar.
 
 
 Kjøkkenet har og fått nytt golv. Ellers har vi stengt att døra ut til gangen.
 Ikkje tatt vekke døra enno, men de blir etterkvart.
 
 
 For i gangen har vi laga skyvedørsgarderobe.  So utruleg godt med mykje korgplass. Gangen vart liten, men det gjer ingen ting. Det var oppbevaring vi måtte ha.
 

 
 På loftet er vi også ferdige. Her vart det eit stort bad, rom til Mathias,
ei lita bud og ein liten gang. Bilder av romet til Mathias kjem når han gidd å rydde...
 
 
Eg ville ha kvite og eg ville den skulle vere litt i stil med huset.
Så eg fant den til slutt. Akkurat slik eg ville ha den.
 På veggane har eg små kvite fasett slipte fliser. Såg dei i eit blad, men utan namn..
så etter diverser søking og leiting klarte Målar Olav å finne til meg.
 

Og med så stor golv plass, så måtte vi fylle den med noko.
Så då vart det dobbelt boblebad! Herlig herlig!!
God golv plass er det og, så no sprer eg borna utover golvet om morgonen
 og dei slepp pirke borti kvarandre...

 
 Då eg svært sjeldent får dusje aleine, så bestemte eg at vi skulle ha god plass i dusjen.
Så no kan eg dusje borna og meg sjølv med god plass.
 


Vi har fått ny hovudinngong, så dobbeldøra vart flytta. Og ikkje var det å forakte med overbygde inngongar. Kjekt å pynte opp litt no når ikkje alt må stå uti vegen.
Den nye gangen blir lett litt oppbevaring så en egna seg heller ikkje til fotografering i dag... tek de att. Vidare har vi fått trapp ned i kjellaren, det var jammen luksus. Så no er eg mykje oftare i frysaren. Godt å sleppe å gå ut.


 
Dei siste to åra har gått med til husbygging, husbonden og pappa har gjort alt som er lov å gjere sjølve sjølv så det tek tid, men vi får det akkurat slik vi vil. Ein del sjukdom har også herja her. Husbonden har fått kraftig astma og har vore litt inn og ut av sjukehus. Men no ser et ut til å vere leveleg med. Men medisinar sjølvsagt. Rasmus byrj i barnehagen i januar når eg byrja jobbe att. Hn fant seg fort til rette der heldigvis.
Borna veks til og er no 1.5, 4.5 og 7 år. Dei veks til og trivast godt her.
 Det er fritt og vi er heldig å ha mange rundt oss.  
 
 
No står uteområde på lista.. gravemaskina som kom til gards i fjor får service no og etterpå skal husbonden byrje på hagen.. blir kjekt å få vekk all steinen... Ei stor utfordring å lage hage her.. vi bur bratt til og lite er flatt... men tenkjer det blir til slutt. Me brukar skjeldar gje oss før me har fått det slik vi vil!!!!
 
Eg skal prøve å kome snart tilbake.
God sommar alle og ein kvar!
 
Linda

 

2 kommentarer:

  1. Kor utrulig fint dåkke he fått det.

    SvarSlett
  2. Veldig kjekt å sjå kor fint dokke he fått det! :)

    SvarSlett