onsdag 28. desember 2011

Julehelsing

God Jul!


Det er i seinaste laget de kjem dette Juleinnlegget.. men ting har gått unna her så meir har ikkje blitt gjort.

Vi fekk flytte oss innigjen i gamle delen av huset tirsdagen før jul. Onsdag reiste Svein Håvar på kurs så ej å bonnja vart heime aleine til torsdag. Fredag hadde Svein Håvar fri så vi fekk ordna siste rest av handel og rydda opp litt. Vi har ikkje tat i bruk noko av nye roma. Einaste som snart er ferdig er arka, der soveromet vårt skal vere. Men ikkje heilt innflyttingsklart enno.


På Stovene har vi retta opp og lagt nye golv. Desse vart ej veldig fornøgde med. Her er spisestova. Vidare har karane mine laga til ny brannmur og ny stein over og under ovnen. Ej likte den og er godt nøgd.




Vesle julafta fekk ej på dukar endatil!!Her er gamlestova vår. Den er som den har vore utanom golve og at vi har fått inn ei verandadør og ei dobbeldør som skal opne opp inn til nye stova.


Her e vesle nissefrøkena vår, klar for julegåeåpning.





Juletred måtte til.


Ongane meinte de måtte vere skogsnissen som kom i år, pga hatten... Mathias gjønaskua nisse, men held de for sej sjølv.

Her er dei midt i gåveåpninga.


1.juledag braka de laust!! I ordets rette stand. Vi var på dalen i juleselskap når straumen gjekk, Anna å Runa synest de var litt spennande og gøy,

Mathias fann fram underholdninga, han spelte og systa lyste med haudelykt.

Det var ikkje kjekt å høyre på orkanen. Den ulte voldsomt og rista godt i huset. Men gamle delen som er over 100 år visste vi ville tåle veret, men me var meir spente på nye delen. Men den stod også prøva, og godt er det!! Ongane var ikkje goo å få til å sove, men dei bikka til slutt.. På stova.


2.juledag var de synfaring for å sjå på skadane. Kring husa var det heldigvis lite å sjå. To takstein på garasja var vel de einaste... Men skogen har derimot fått seg ein god trøkk... Men kva er vel de... ingen skade på hus eller folk. De va de viktigaste!! Vi veit ikkje kor stor skaden e på skogen enno, de vil tida vise.

Det ligg mykje store graner og bjørker...


Denne grana ligg rett framfor marka, Anna blir ein prikk i forhold.



Ja dette er ei kort oppsumering av jula vår. Tida fyk og det nærmar seg først nyttårsfeiring, før de e ein månad igjen til termin. Men ihvertfall godt å kome sej i hus i god tid før minien kjem. Har i dag leita fram litt babyklede, må ta de litt langs med sida forma mi ikkje e noko å skryte av. Ha ei fin nyttårsfeiring mine lesarar. Her skal me ta de me ro å nyte fridagane.


Klem Linda

torsdag 10. november 2011

Eit lite attersyn...

Ja det er dessverre langt mellom blogginnlegga her i gara... men de he nok sine grunna!! Ej bære på vår 3 vesle skatt å e allereide koma snart 7 mnd på vei... 1. feb er terminen denne gongen. Å for ikkje å snakke om huset våra.. de he verkele vakse, men e langt frå ferdi. Me bur opp me foreldra mine rett oppom så e ihvertfall ikkje langt heimafrå. Husbonden og min Pappa e ihverdige i huset kvar ettermiddag og kveld itillegg til helgane. Så ting skjer kvar dag. Målet mitt er å kome inn i gamledelen av huset til jul... så for vi sjå!!



Her ser de mitt mesterverk for nokre veker sidan... Henta bonnja i barnehagen og trakka så meiningslaust over at ej gjekk i kne... vart endameir hoven og blå og var sikker på brot... men heldigvis... de gav seg så slit no berre med nokre smerter der... kjedelige greier...



Ja huset er tilnærma ferdig ute, ihvertfall for vinteren. Det er tett og skal tole både vete å vind! Veir karane mine synst de var godt å kome sej i hus å jobbe kveldane når det var kaldt og mørt.. spesielt var de traudige kvelda når de regna som værst.. men dei gav sej ikkje!!!






Her ser de huse sett frå der me bur no!




Deilig å ha fått tak over ytterdørene.

Svalgangen vart ej kjempe nøgde me!!



Å no ein ta siste dagane fekk dei ved hjelp av ein god hjelpar i storedøra så

huset er heilt tett :-D Huset er midlertidig lista..

Utskjæringane må vente til våren ilag med malinga.


Hønene synst at veret er flott tross at det er kaldt. Likar sej når dei får gå fritt :-D



Stovegolva våre var fantastisk flott.. MEN ufatteli skeive... 5 cm høgdeforskjell på 2,5 meter... Og dei levde veldig så sprekkene mellom borda var veldig varierande. Difor traudige å vaske. SÅ no bestemte me oss for å rette dei opp å legge nye... Vemodig då dei var over 100 år gamle... men trøsta mej me at de skal bli bra!! Håpar på å få legge det nye om ca 2 veker.


Her rettar dei opp med gipsplater under avrettingsmassa...

kunne ikkje bruke berre den massa då det ville gått

litervis med slike høgdeforskjellar.




Nystøypt og då må det sjekkast.. beint skal det vere!!




Begge stover er retta opp. Der det er ei brun plate framfor gamleglaset,

skal det bli ei dobbeldør inn til nye stova.


Her er spisestova nymala.




Prøving av golv... tru ka ein skal velje??



Her er arka som skal blir soverommet vårt ferdig isolert og taket har begynt å ta form.




Karane er iherdige og taket var lagt på nokre dagar. Min kjære onkel Audun (Opel Audun som Anna kalla han...) er også utruli snill og hjelpe oss mykje!!



Taket ferdig og det er klart for legging av plater på veggane.




Her ser ein omrisset av badet på loftet. Stort bad, men dessverre skråtak.. men me he ein plan så skal få nytta plassen.



Nystøypt badgolv. Og Anna nytta høve til å sette sine spor.... Ikkje greit å vere lita å skal forstå alt!!! Ikkje mykje barnevennleg hus akkurat. Men det blir det vel att!!



Mathias og Pappaen prøvar å rette opp skaden.




Her ser ein romet som skal bli Mathias sitt. Er i desse timar ferdig isolert.

Det blir liggande vegg i vegg med de nye badet.





Husbonden sit i omrisset av nye gangen. Her er det lagt varmekablar og støypt no.



Her er kjøkkenet i desse dagar... Begredeleg... ej tenke mykje på alt ej skulla gjort her no før jul..... men gjer litt bort me farmor og litt opp me mamma!!

Vanskeleg å pakke ned alt krusatøye so fann ut at ej berre stabla noko av de på benken...




Her er slik gangen vår ser ut no. Ette me skifta døra til ei mindre dør så ser det slik ut. Her må de isolerast og haast på panel.




Her er nye stova... Den er ferdig isolert, men ikkje første prioritet før me flytta inn att.




Under altanen rundt huset har me hatt på plater slik at det er tett :-D Her har husbonden laga til plass for klessnor.. ej vil ha ei god gammal på plenen.. men han meinar at dette blir bra!! Gjenstår å sjå ;-)



Under ser ein huset sett nedanfrå... Det er omlag dobbelt så stort no :-D Mykje arbeid gjenstår enno, men me håpar å kome oss i hus til jul for so ta rom for rom etterkvart. Når me velge å gjere det meste sjølv så må ein berre ta tida til hjelp. Ein får ihvertfall de slik ein vil når ein gjer det sjølv.

Ja adventstida nærmar sej med stormskritt. På godt og vondt. Ej e dessverre sjukmeld ette mykje trøbbel med puls å kynnera, men heldigvis litt betre no når ej teke det med ro.

Juleforberedelsane mine he så smått begynt.. Fått baka flatbrød.. Syltaflesk, rollj og løfse i tillegg til julekake ste for tur.. men ej kjeme til å måtte ta de smått om senn for å ikkje provosere noko.. ej blir fort gåen so må ta de rolig... prøve ihvertfall!!!

Ha ei fortsatt fin førjulstid mine lesera. De skal ej!!


Klem Linda

torsdag 15. september 2011

Husauke!!

Eit lite tilbakeblikk sidan me fekk snikkarar til gards!! Her er muren til svalgangen støypt på øvstesida!!


Å vips var første etasje koma opp.



Bærevegg/delingsvegg oppkome i kjellaren.

Her ser vi der grovkjøkkenet mitt skal vere og her eg står å tek bilete skal de bli eit soverom.

Så røyste dei 2.etasje. Og huset vart straks dobbelt så stort!!


Vi har ny ark på halve nedsida av gamlehuset, her riv dei for å åpne opp.

Å her er det blitt åpning. Under dragaren skal det blir vegg så dette skal bli våre nye soverom. Kjekt med ein liten altan utfor soverommet. Så eg kan lofte sengklede og Husbonden kan jakte seie han :-D


Stova vår..... for meg er det eit sorgens kapittel..... me har no flytta opp til foreldra mine då det vart so kaldt der nede. Vinduet inn mot nyestova er flytta. Der skal kome ei dobbeldør. Og der ein ser det store holet er det på veg inn ei veranda dør.

Ny inngangsdør der inngangsdøra var før. Her skal det no blir vaskeromsinngang etter kvart. Dobbeldøra og ny inngang skal det bli på nye delen.

Her er veggen inn mot badet og stova på gamlehuset.

Her er nye delen av huset i 2. etasje. Det skal delast på to og bli bad og nytt rom til Mathias.

Her ser ein korleis huset ser ut i dag. Nærmar seg klart for legging av nytt tak.


Ja her er vår kvardag for tida. Me bur på to rom i kjellaren hos mamma og pappa. Vi lid inga nød, men saknar våre eige hus. MEN det blir!! Husbonden og pappaen min står på kvar einaste ettermiddag. Dei er kjempe flinke og tolmodige. Eg og bonnja prøvar å finne på litt for å få tida til å gå.


Ser eg må verte flinkare å ta bilde....


God haust alle mine lesarar!

Klem Linda