onsdag 28. desember 2011

Julehelsing

God Jul!


Det er i seinaste laget de kjem dette Juleinnlegget.. men ting har gått unna her så meir har ikkje blitt gjort.

Vi fekk flytte oss innigjen i gamle delen av huset tirsdagen før jul. Onsdag reiste Svein Håvar på kurs så ej å bonnja vart heime aleine til torsdag. Fredag hadde Svein Håvar fri så vi fekk ordna siste rest av handel og rydda opp litt. Vi har ikkje tat i bruk noko av nye roma. Einaste som snart er ferdig er arka, der soveromet vårt skal vere. Men ikkje heilt innflyttingsklart enno.


På Stovene har vi retta opp og lagt nye golv. Desse vart ej veldig fornøgde med. Her er spisestova. Vidare har karane mine laga til ny brannmur og ny stein over og under ovnen. Ej likte den og er godt nøgd.




Vesle julafta fekk ej på dukar endatil!!Her er gamlestova vår. Den er som den har vore utanom golve og at vi har fått inn ei verandadør og ei dobbeldør som skal opne opp inn til nye stova.


Her e vesle nissefrøkena vår, klar for julegåeåpning.





Juletred måtte til.


Ongane meinte de måtte vere skogsnissen som kom i år, pga hatten... Mathias gjønaskua nisse, men held de for sej sjølv.

Her er dei midt i gåveåpninga.


1.juledag braka de laust!! I ordets rette stand. Vi var på dalen i juleselskap når straumen gjekk, Anna å Runa synest de var litt spennande og gøy,

Mathias fann fram underholdninga, han spelte og systa lyste med haudelykt.

Det var ikkje kjekt å høyre på orkanen. Den ulte voldsomt og rista godt i huset. Men gamle delen som er over 100 år visste vi ville tåle veret, men me var meir spente på nye delen. Men den stod også prøva, og godt er det!! Ongane var ikkje goo å få til å sove, men dei bikka til slutt.. På stova.


2.juledag var de synfaring for å sjå på skadane. Kring husa var det heldigvis lite å sjå. To takstein på garasja var vel de einaste... Men skogen har derimot fått seg ein god trøkk... Men kva er vel de... ingen skade på hus eller folk. De va de viktigaste!! Vi veit ikkje kor stor skaden e på skogen enno, de vil tida vise.

Det ligg mykje store graner og bjørker...


Denne grana ligg rett framfor marka, Anna blir ein prikk i forhold.



Ja dette er ei kort oppsumering av jula vår. Tida fyk og det nærmar seg først nyttårsfeiring, før de e ein månad igjen til termin. Men ihvertfall godt å kome sej i hus i god tid før minien kjem. Har i dag leita fram litt babyklede, må ta de litt langs med sida forma mi ikkje e noko å skryte av. Ha ei fin nyttårsfeiring mine lesarar. Her skal me ta de me ro å nyte fridagane.


Klem Linda