onsdag 17. november 2010

Ei oppdatering...

Startar innlegget i dag med bilete frå fullføringa av rollen min. Salta på den nokre dagar. Kokte den

Og la den tilslutt i press. Har fått låne mi kjære farmor si presse, å ei slik ei står øverst på ønske lista mi til jul :-) Rollen har alt våre på skiva og den blei akkurat slik eg likar den. Likar å skryte litt av og til!!
Sola har våre framme fleire dagar i det siste. Den er så fin, tross at den er framme berre nokre timar... Men den gir energi så det er herlig.



Så har eg hatt føre meg eit stor prosjekt.. Det var laging av hjortepølser.
På bilete her er hjortekjøtet og noko av fårekjøtet eg brukte. 11 kg med hjort.


Svinekjøtet måtte ordnast litt med først, for eg brukte tynnribber.

Eg beina dei ut.

Og skar vekk svoren.

Kvenna fekk jammen gått seg den dagen.
Eg hadde ca 25 kg kjøt til pølsene og 6-7 kg med kjøt til kjøttdeiga.
Og alt vart kvenna fleire gongar.

Her er det spekket som blir gjort i stand.

Kjøtdeiga er ferdig. den vart kjempe god. Den har allereide våre brukt på pizza.

Her er alt malt og det står på kjøl til far i huset
kom heim så vi kunne hjelpast åt med resten.

Her er tarmen komen på pølsehornet og
Svein Håvar og min pappa lagar pølser.

Dei første metrane...

Mykje blei de... ca 30 meter.
Pølsene har også våre prøvesmakte. Dei var goo, men litt endringar til neste gong vil eg prøve ut.



Her har vi laga mat til småfuglane våre.
Her er mange om dagane og det er artig for store og små å sjå på dei.


Morgondagens prosjekt ser de begynnelsen på her...
grisehaud til syltaflesk :-)
Eg meinar at det blir ikkje jul utan heimelaga syltaflesk.
SÅ då må eg lage det også. nam nam..
Dette var ei lita oppdatering av noko av våre syslar siste tida. I dag har eg våre heime me våre to håpefulle. Vi har kosa oss båre inne og ute. Veret er flott, einaste at det er blankis over alt og dermed vanskeleg å fote seg. Anna fekk eit hardt møte med isen i går på barnehagen og var svært skeptisk i dag. Ho stakkaren har kul over og under eine auga... men ingen sår så ho går klar stygge arr denne gongen! Men Mathias visste råd, han hadde haurt rykte om dei gamle breddene (bråddar) til Oldemora så han tok på dei å synst det var heilt greit ute :-) Eg tok med meg kamera ut i dag og fekk tatt mange flotte bilete av ungane som eg skal lage julekort av. Så no skal ej redigere dei så eg kjem i gong med det også. Artig :-)
Kjenner no at eg verkeleg har begynt å glede meg til jul. Eg er ein julefantast og likar å lage til jul litt tidleg slik at det ikkje blir noko stress, men skikkeleg kos heilt fram mot dei herlege dagane. Det er litt derfor eg no er godt i gong med dei gode tradisjonane mine. Alt dette heimelaga lagar prikken over ièn for meg.
Ha ein fin kveld alle mine lesarar!

søndag 7. november 2010

"Rollj"

He fått sytt rollen for i år :-) synst det er veldig kjekt me slike tradisjonar. Mange brukar å stappe i netting, men sjarmen for min del er å sitte med nål og trå :-)
Her ligg dei klar for tining. I år brukte eg litt fårikålkjøtt som supplemang for å få dei ekstra kraftige.
Måtte fjerne beina først.
Mathias hadde gjort det i barnehagen tidlegare og han var fagkonsulent.
Rett flink å sy var han så lenge trottet varte....
Her er vi klare til å begynne.
Her har vi sytt i hop to slagsider for å få rollen større.


Etter å ha hatt på masse godt krydder og lagt inni supplemanget var det å rulle den i hop og starte syinga.

3 flotte rollar om eg skal få seie det sjølv. Dei vart kraftige og fine så håper dei blir gooo :-)

Eg har tidlegare kjøpt ferdig blanda krydder, men det gjorde eg ikkje i år. Eg tok å leitte fram oppskrifta til mi kjære mormor og brukte den. Så eg håper eg er like heldig med blandinga som ho brukte å vere <3
No ligg dei i salt og skal gjere det nokre dagar. Så blir det koking, pressing og til slutt oppdeling og vakumering før dei går i frysaren . Nydeleg rollj ligg på i frysaren heilt fram til neste jul. NAMNAM :-)
Det neste som står på programmet no er syltaflesk og etterpå hjortepølse.
Det er herlig med førjulstid <3
Til slutt eit stemningsbilde frå Nedrelida. Her er vinteren komt med snøv og det er flott og reint ute. Det er kaldt så håper det held seg slik for det er så fint... Endatil sola kikka fram i dag. Eg er jammen glad vi har sol heile året!