mandag 21. mars 2011

"Margithuse"


" Margithuse"
Har vi alltid kalla huset. Etter Margit som budde her. Eg brukte mykje tid her nede som lita, vaska golv, hjelpte henne med ved, vatn osv... Mi "reserve bestemor", å ej gløymer ikkje at ho stadig bestakk oss med snop :-D
Dette er huset vårt før vi begynte på det januar 2005. Reine spøkelseshuset.
Huset var røyst i 1904-1905 og innflytta 1905. Huset vart bygt av Anna og Rasmus Nedrelid. Slektningar langt tilbake. Dei fekk 3 born. Margit som budde i huset til "orkansnatta"1992, då ho vart flytta på sjukeheim grunna knuste vindu, ikkje innlagt vatn/toalett og ein alder av 92 år. Klar og orientert levde ho på Fjordsyn til ho døydde 96 år gammal! Systra Astrid budde ilag med Margit til på slutten av 70-talet då ho døydde. Dei hadde også ein bror Johannes, han var ein altmulig mann som ordna og styrte på garden fram til han døydde rundt 1950. Ingen av desse hadde born så Margit skjøtte garden over til pappa når Astrid døydde.

Som sagt var det ikkje innlagt vatn i huset. Dei gjekk på toalett o.l. bort med farmor i nabohuset.

Ei historie eg har haurt er at etter krigen ein gong var det folk frå kommuna som for rundt å skulle gi folk ein startkaptal til å innstallere vatn. Men Margit stod med hovudet i poteteåkeren å hadde ikkje tida til å snakke med dei så då vart dei utan vatn... Dei var ein generasjon som ville klare seg mest muleg sjølv.


Ein del bilete må til for å sjå elendigheita :-)

To store 50-60 -tals vindu nedover.... Ikkje vår smak!!!

Denne glasinga har våre sidan huset var nytt. Det har vi sett på ein måleri frå den tida.
Me begynte med å rydde inne, for så å rive veggen mot farmor. "snikkaren" Svein Håvar høgt oppe i stilaset. På loftet stod ein godt brukt vev, den er nøye studert, fotografert og merkt for at den skal kunne røysast igjen.. draumen min er å kunne lære meg å bruke den... tida vil vise...


Her er det første gongen vi lettar på dei platekledde veggane, spente på korleis timbra såg ut. vi vart ikkje skremde og fortsette rivinga!!

Gangen slik den var før. Med ei lita slitt dør inn til spisskammerse og ei godt brukt dør inn til bestestova.

Kjøkkenet. Var opphaldsrom for Margit. Her var ho for det meste. Flott malt timbre.

Å her er kjøkkeninnredninga. Ikkje store greiene, men her er mangt eit godt måltid tilbredt. å her er nok knadd mang ei deig til løfser!
Her er "bestestova" (dessverre noko uklart bilde).

Her riv karane den gamle brannmuren, før dei reiv ned heile pipa.

Her ligg heile pipa ned i gruva. Heldigvis tålte gruva det!!!

Her ei spisestova, den var knall blå under platene. Nokre av dei gamle tinga som har flytta innigjen i huset i ettertid.

Ovnen som stod i bestestova har eg pussa oppigjen og sen står på loftet no.

På loftet var kun halva innredd og "isolert". Her er eit av dei to soveromma.
Her er bilde frå den uinnredde delan av loftet mot dei to soveroma.
Her også den uinnredde delen. Her var trappa ned før, kom ned i ganen. Min bror hjelper oss å rive. Her dett snart veggen mellom dei to soveroma.
Motosag er eit kjærkome reidskap... her fell veggen framover.

Traktoren fekk lov å "skrelle" veggen for bordkledning.

Oppover er det ikkje timbre over heile. dette var fordi at mot høgre var det kaldthjørne. Spisskammerset.

Her er kjøkkenet robba... sjølvsagt var det kun mala rundt møblane. Under det kvite var det blått og gult.

Taka i stovene var også plata, vi ribba dei og har dei i dag visande.

Gamle spor kjem fram. Før eit stort vindu, så eit lite og no har det blitt stort att. FLott timbre kjem fram. I beste stova var den ikkje mala, men med TUSEN spikarhol o.l. måtte me sparkle og male den. den var i tillegg mørk og tung.

I spisestova har det ein gong stått eit hjørneskap.

Bestestova.

Eit heilt nakent loft. Kun timbra att.
Og no starta det vanskelegaste arbeidet... oppretting... passe inn nytt og gammalt... Neste blogg innlegg skal omhandle det arbeidet... utruleg spennande med tidkrevjande. Vi leigde kun til det elektriske og til rørlegging.. så JA, det tok tid...
Og ikkje nok med det... vi driv no å bearbeidar oss sjølve til me skal begynne å bygge på huset straks snøven reise!! Gler meg utruleg til å få eit større hus!!


Linda