Viser innlegg med etiketten Dyr. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Dyr. Vis alle innlegg

lørdag 24. mars 2012

Nytt attersyn...

Januar, Februar og strakst Mars e blåst forbi! Januar var ventetid på vesle skatten vår og husbygging. Og Februar og Mars har gått i kos og husbygging. Det er nok ingen hemmelighet at det meste av husbonden si tid går med til husbygging og at eg styrer hus og bonnja. Men me klagar ikkje, me ser framgong i huset og bonnja veks til!


Ja slik såg a mor i huset ut i midten av Januar. Høggravid og dritt lei av å plagast. Eg hadde eit ganske så plagsomt svangerskap med mykje plager. Mot slutten fekk eg spor av svangerskapsforgiftning og eg var i dårlig form.
Men me måtte sjølvsakt på ski då cup renna i langrenn starta.


Anna gjekk sin andre sesong og stor kosa seg på ski. Svært begrensa med ski denne sesongen med ei høggravid mor og ein far som står på for fullt i huset.
Mathias også klar for cuprenn, han har brukt utallige timar med ski på beina i barnehagen. Kosar seg når han får styre på. Blitt ein reser!
Sol og snøv e utrulig fint! Husbonden prøvar ut verandaen.
Skikkeleg vinterstemning!
Med termin 1.feb, var det jammen ikkje sikkert at krabaten som var på veg skulle få sin eigne dag. Anna har bursdag 25.01 og eg 05.02 og husbonden 04.02. Anna kom før termin, så hadde eit håp på at også denne skulle kome før. Men me tok alikavel sjansen på å feire 29.01. Anna 3 år!!
Å vips morgonen etter, 30.01.12 kom vår nydelige lisjebror Rasmus til verden! Ein fin og velskapt kar på 3680gr og 51 cm. Aldeles perfekt!!
Stolte storesysken som kom på besøk litt ut på dagen. Å dei vart så store.....
2. dagen
Her har vi kome oss heim og alle 5 storkosa seg.
Eit par veker før Rasmus meldte sin ankomst fekk me flytte inn på nye soveromet på "Arkja". Synest det vart ein fint rom. Og kjekt med nytt rom. Då fekk Anna vårt gamle soverom og Mathias atter rom aleine. Han skal etterkvart få seg stort nytt rom i nye delen.
Denne hylla var før vindauge ut. Synest det var kjekt å lage til noko istaden for å plate attføre.
Innimellom alt hus så eit bilde av ein nybada Rasmus hårfagre!
Her er nyestova nyplata. Plata med retro mdf plater. Eit fole styr å få tak i då ingen forhandla dei.. men har eg ett meg noko i hovudet so skal eg ha de... uansett... so då fekk eg dei til slutt! Å gjett om eg er nøgd!!!!!
Dei flinke storesyskena er gode og har ein enorm omsorg for vesle broren!
Arbeid innimylla husbyggina... Dagmar ordna den biffen... her er ein liten del av herjingane...
Volda meisterskap! Anna i fin driv.
Mathias stor nøgd. Ekstra kos når sola skein, sjølv om det var kald vind.
Eit bilde av gamlestova. Den blir i framtida som ein gang mylla dei to andre stovene.
Litt tid i skogen har me også fått til. Ikkje mange metrane frå husdøra.. men kva gjer vel de??
Smil :-D
Bål må til...
Når ein skal steike vafler. Nytt vaffeljern i bursdaggåve, litt vanskeleg men me gir ikkje oss så lett.
Mormor var også med oss.
Me har hatt ein del sjukdom etter at Rasmus kom, så me har måtta våre kreative i forhold til inneaktivitetar også. Klipping er alltid kjekt!
Avslapning i saccoen.
Onkel Pål Gunnar måtte ligge i dukkevogna når har var liten, så då måtte Rasmus også prøve. Ikkje heilt velvillig...
Prosjekt "Ruge kyllingar" i barnehagen. Avdelinga til Mathias har i år også teke på seg å ruge ut kyllingar til oss. Kjempe spennande både for oss og dei.
Å nøyaktig 20 dager etter oppstart av rugemaskina kom desse små nysta til verden. 13 i talet. No i helga er dei heime på permisjon her hos oss. I morgon skal dei i barnehagen att, å vere der fram mot palmehelga.
Så litt hus att... her er trappegangen ned i kjellaren. Fått på plater og gått i spottar.
Å sjølvsakt skulle eg ikkje ha kva som helst slags tak heller.. så eit styr å få tak i det og. Fekk først ein parti som var fabrikasjons feil på... skulle få nytt og det tok vekesvis å få i hus.... heite i hauda sa du.... JA!! Fekk nytt no i veka og det er kome på plass no fredag og laurdag. Vart slik eg hadde tenkt ja :-)
Mdf fas panel ferdig mala.

Sjukdom ja... Anna har atter hatt seg ein tørn med altfor høg feber for min smak... den regjerte på over 40 i 4 dagar.. håper ho er i betring no!
Dette vart eit bilderas frå siste 3 mnd... tida fyk frå meg. Med 3 små så har dagane for får timar og kroppen min for få hender.. har så uendeleg mykje eg har lyst å gjere.. men må nok sjå mine begrensningar no. Å i tillegg har eg vorte tante på skikkeleg vis!! 9. mars kom vesle Lucas til verden. Å vi gledar oss til eit år heime i permisjon ilag med han og den gode mammaen hans Julianne <3
I dag har vi stilt klokka mot sommaren. Kjenner eg gledar meg på vår og lysare tider no!
Ha ein fin og minnerik vår alle mine kjære lesarar!


lørdag 14. mai 2011

Livsteikn frå oss på Nedrelid :-D

Våren har kome med stormskritt!! Dei har vore deilige dagar med MYKJE utetid for oss på Nedrelid. Dataen blir sjølvsakt nedprioritert ilag med husarbeidet... Så huset ser deretter ut... Men shit la gå!! Må åpne dette blogginnlegget med bilete av våre to håpefulle!! Så staselege i bunadar som eg og bror min hadde når me var små. Mathias er svært stolt over å ha skikkeleg sunnmørsbunad som pappa. Den har mi Mamma sydd :-D Her er vi i konfirmasjon til syskenbarnet til ungane, Hallvard. Bilete er teke ved Åmdal ungdomshus der festen var.




Dette er ein av dei første dagane etter at snøven for. Fram med syklane med ein gong.

Her er Mathias i farta.

Og Anna skal sjølvsakt ikkje ver noko dårlegare!! Trenar med tohjulssykkel ho også... Eg er eigentleg einige med henne.. det er vanskeleg med trehjulssykkel på grus...
Litt såing må til.
JA!! eit drivhus står høgt på ønskelista mi!!!
Her er agurk og tomat frøda komne i jorda.


Ikkje store desse agurkfrøda.

Vi har også våre ein tur til Øyer i lag med familien Bjørkedal Bjørdal. Ei kjempe kjekk helg med innlagt tur til Villmarksmessa på Lillestrøm. Heile gjengen tok toget frå Lillehammer. Svært spennande for alle små kroppane!!

Våre to håpefulle vart svært slitne av turen med tog å greier... store forventningar... så dei måtte kvile seg i kvar si vogn halvvegs på dagen. Fekk låne oss ei vogn så vi slepte å bære nokon av dei.

Alpakka var ein attraksjon på Villmarksmessa. Muligens den som fenga mest etter sjølve togturen :-D Fekk klappe dei etterpå også... kanskje vi skulle hatt oss nokre slike nydelege skapningar i fjøsen?

Så eit nytt rugeprosjekt. Avdelinga til Mathias i barnehagen Tyristova, fekk i oppdrag å passe på egga til det blei ruging. Som bestilt kom første kyllingen nett den dagen vi hadde tenkt! Og det var sjølvsakt stor stas for alle borna i barnehagen å få sjå kyllingane bli klekte. Også dei andre avdelingane.

Den første kyllingen var ein skikkeleg frisking og titta over kanten for å sjå på borna.

Her sprett dei ut ein etter ein. Anna fyl spent med.

Så var det tid for å flytte dei utav rugemaskina og inn i hamsterburet eg brukar. 13 små kyllingar var fødde i Sollia barnehage!! Dei fekk vere der i ei veke, og borna var utruleg flinke å passe pa dei.

Denne kyllingen fekk ein hard fødsel og var noko pjusk, han fekk vere med heim og bu på badet. Klarte seg fint der, men var litt rar. nokre veker seinare døde den. Slik er livet seier Mathias, ikkje alle er friske og kan leve. Han er verdig begravd og har fått kors på grava.

Har rydda litt rundt nåva.. Henta fram stolen min og planta litt blomster. Ikkje mykje fint på tunet i år dessverre.. men prøde å nyte det litt før me starta med gravinga av tomta til påbygget.

All veden er felt, kappa, kløyvd og pakka i storsekkar!! Og til slutt kjøyrd inni løda. Ein storjobb, som varmar mange gongar gjennom eit år :-D

Vi er så heldige å ha verdens beste naboar:-D Dei er så snilde at dei har saudene sine i beita våre, å kva er vel betre enn å ha slike nydelege vidunder gåande i augesyn!! Her er Mathias på besøk fram på Tømmerbakken og helsar ein ny verdensborgar velkommen!!

Middag i beitet ein flott vårdag. Anna og Olve (naboguten) delar ei kald pølse heilt for seg sjølve... dei er jammen eit herleg syn.

Mathias fekke seg ein ekstra fridag påskeveka, då han fekk vere med på fisketur med båt! Å jammen drog ikkje han i land denne svære torsken.. Nydeleg middag.

Då har rivinga av platten starta. Her skal det bli meir hus!!!

Langfredag i påska vart vi inviterte i bursdag på Raudøya. Eit nydeleg ver kom som bestilt. Vi vart henta med båt på Rjåneset og frakta over.

Og mang ei småkrabbe vart henta opp både ein og fleire gongar.

Mathias var fasinert av at dette skjellet verkeleg hang fast i steinen...

Seljefløyter vart det spikka mange av.

Både store og små måtte aktiviserast!! Anna måtte prøve håven med pappaen på slep.

For første gong i mitt liv har eg baka Løfse (lefser). Eg Silje mitt syskenbarn og Farmor. Baka og steikte. Det gjekk over all forventning og dei vart veldig gooo. Så dette skal eg gjere fleire gongar!

Mjøl??? på kleda.. nei lite å inkje!!

Etter ca 2 veker på badet var eg dritt lei av rotande, luktande og skrikande kyllingar!! Så då fekk dei seg hybel i hønsehuset.


Reiestativet har flytta då me skal grave der det stod. Men var ikkje så dumt å ha det her.Sila har no i ettertid fått plass bortom. No klarer Anna å reie sjølv og ho er godt nøgd.

På veggen er det ingen som skal grave så der kan eg plante!!! Jammen har ikkje fotografen også lurt seg med på bilete..

Også ubudne gjestar dukkar opp... Her er hønsehauken på visitt.. Han tok nokre runder over hønene, dei var ute utan innhegning og var brennsnare å kome seg i hus.. og det tok mange dagar før dei ville ut att.

Her sit han på taket og speidar etter byte sit ...

Hønsa og hanen har fått seg utegarde. Godt innegjerda... snart kjem det not over også. Hønsehauken skal ikkje få middag her. Dei vart fort vidferne når dei gjekk lause.. men dei skal få gjere de også av og til.


Så fekk vi gravemaskin på tunet!! Stor stas for store og små. I skrivande stund er tomta ferdig og me skal snart begynne med fundamenta.

Frøken vil ikkje må reie minst ein time for dag!! det er vel rett og rimeleg... synst ho sjølv ihvertfall!!
Så enda eit nytt rugeprosjekt. Denne gongen reinrasa egg. av typen trefarga Sussex. Vi lyste eggea her ein dag og det ser dessverre ut som det kun er 6 egg som er befrukta... kjedeleg med så mange egg. Men skal lyse dei att å håpe me finn noko nytt då!!


Det er vel lite tvil om at me bur på fjellet... så sjølvsakt måtte me møte fjell når me begynnte gravinga.. her "bombar" gravemaskinføraren vekk noko fjell.. men det blei ikkje kun med dette dessverre.. så 2 gongar har me skote!! Til Mathias sin store glede.

Her ligg to av hønsa.. dei er klukk og har leie slik ei stund.. huska ikkje når dei la seg på , men vil tru det nærmar seg gått 21 dagar... Dei ligg på 3 egg. Spennande med naturens gang.

Denne høna synst rugekassene er for fine å legge egg i så den legg dei likså godt i sandkassa!!

Her veks tomatane.

Familen Nedrelid Vatne pynta til fest :-D

Og agurkane veks.

Sjølv med bunad går det and å springe av seg ugagn.

Her er buskapen min komen for våren. 4 bukkar denne dagen.



Ja dette vart visst eit langt innlegg med mykje bilder.. Ja slik går dagane våre. Eg er heldig å kose meg med ungane medan Pappaen jobbar og står på i tomta. Vi veit det blir mykje arbeid i tida som kjem, men me trøstar oss med at det er nødvendig og at det skal bli godt med større hus!! Ha ein fortsatt god våre vidare mine lesarar... Kjekt med nokre kjenneteikn på kven som er innomh her.. ja eg er nyskjerrig d:-D


Linda