lørdag 24. mars 2012

Nytt attersyn...

Januar, Februar og strakst Mars e blåst forbi! Januar var ventetid på vesle skatten vår og husbygging. Og Februar og Mars har gått i kos og husbygging. Det er nok ingen hemmelighet at det meste av husbonden si tid går med til husbygging og at eg styrer hus og bonnja. Men me klagar ikkje, me ser framgong i huset og bonnja veks til!


Ja slik såg a mor i huset ut i midten av Januar. Høggravid og dritt lei av å plagast. Eg hadde eit ganske så plagsomt svangerskap med mykje plager. Mot slutten fekk eg spor av svangerskapsforgiftning og eg var i dårlig form.
Men me måtte sjølvsakt på ski då cup renna i langrenn starta.


Anna gjekk sin andre sesong og stor kosa seg på ski. Svært begrensa med ski denne sesongen med ei høggravid mor og ein far som står på for fullt i huset.
Mathias også klar for cuprenn, han har brukt utallige timar med ski på beina i barnehagen. Kosar seg når han får styre på. Blitt ein reser!
Sol og snøv e utrulig fint! Husbonden prøvar ut verandaen.
Skikkeleg vinterstemning!
Med termin 1.feb, var det jammen ikkje sikkert at krabaten som var på veg skulle få sin eigne dag. Anna har bursdag 25.01 og eg 05.02 og husbonden 04.02. Anna kom før termin, så hadde eit håp på at også denne skulle kome før. Men me tok alikavel sjansen på å feire 29.01. Anna 3 år!!
Å vips morgonen etter, 30.01.12 kom vår nydelige lisjebror Rasmus til verden! Ein fin og velskapt kar på 3680gr og 51 cm. Aldeles perfekt!!
Stolte storesysken som kom på besøk litt ut på dagen. Å dei vart så store.....
2. dagen
Her har vi kome oss heim og alle 5 storkosa seg.
Eit par veker før Rasmus meldte sin ankomst fekk me flytte inn på nye soveromet på "Arkja". Synest det vart ein fint rom. Og kjekt med nytt rom. Då fekk Anna vårt gamle soverom og Mathias atter rom aleine. Han skal etterkvart få seg stort nytt rom i nye delen.
Denne hylla var før vindauge ut. Synest det var kjekt å lage til noko istaden for å plate attføre.
Innimellom alt hus så eit bilde av ein nybada Rasmus hårfagre!
Her er nyestova nyplata. Plata med retro mdf plater. Eit fole styr å få tak i då ingen forhandla dei.. men har eg ett meg noko i hovudet so skal eg ha de... uansett... so då fekk eg dei til slutt! Å gjett om eg er nøgd!!!!!
Dei flinke storesyskena er gode og har ein enorm omsorg for vesle broren!
Arbeid innimylla husbyggina... Dagmar ordna den biffen... her er ein liten del av herjingane...
Volda meisterskap! Anna i fin driv.
Mathias stor nøgd. Ekstra kos når sola skein, sjølv om det var kald vind.
Eit bilde av gamlestova. Den blir i framtida som ein gang mylla dei to andre stovene.
Litt tid i skogen har me også fått til. Ikkje mange metrane frå husdøra.. men kva gjer vel de??
Smil :-D
Bål må til...
Når ein skal steike vafler. Nytt vaffeljern i bursdaggåve, litt vanskeleg men me gir ikkje oss så lett.
Mormor var også med oss.
Me har hatt ein del sjukdom etter at Rasmus kom, så me har måtta våre kreative i forhold til inneaktivitetar også. Klipping er alltid kjekt!
Avslapning i saccoen.
Onkel Pål Gunnar måtte ligge i dukkevogna når har var liten, så då måtte Rasmus også prøve. Ikkje heilt velvillig...
Prosjekt "Ruge kyllingar" i barnehagen. Avdelinga til Mathias har i år også teke på seg å ruge ut kyllingar til oss. Kjempe spennande både for oss og dei.
Å nøyaktig 20 dager etter oppstart av rugemaskina kom desse små nysta til verden. 13 i talet. No i helga er dei heime på permisjon her hos oss. I morgon skal dei i barnehagen att, å vere der fram mot palmehelga.
Så litt hus att... her er trappegangen ned i kjellaren. Fått på plater og gått i spottar.
Å sjølvsakt skulle eg ikkje ha kva som helst slags tak heller.. så eit styr å få tak i det og. Fekk først ein parti som var fabrikasjons feil på... skulle få nytt og det tok vekesvis å få i hus.... heite i hauda sa du.... JA!! Fekk nytt no i veka og det er kome på plass no fredag og laurdag. Vart slik eg hadde tenkt ja :-)
Mdf fas panel ferdig mala.

Sjukdom ja... Anna har atter hatt seg ein tørn med altfor høg feber for min smak... den regjerte på over 40 i 4 dagar.. håper ho er i betring no!
Dette vart eit bilderas frå siste 3 mnd... tida fyk frå meg. Med 3 små så har dagane for får timar og kroppen min for få hender.. har så uendeleg mykje eg har lyst å gjere.. men må nok sjå mine begrensningar no. Å i tillegg har eg vorte tante på skikkeleg vis!! 9. mars kom vesle Lucas til verden. Å vi gledar oss til eit år heime i permisjon ilag med han og den gode mammaen hans Julianne <3
I dag har vi stilt klokka mot sommaren. Kjenner eg gledar meg på vår og lysare tider no!
Ha ein fin og minnerik vår alle mine kjære lesarar!


onsdag 28. desember 2011

Julehelsing

God Jul!


Det er i seinaste laget de kjem dette Juleinnlegget.. men ting har gått unna her så meir har ikkje blitt gjort.

Vi fekk flytte oss innigjen i gamle delen av huset tirsdagen før jul. Onsdag reiste Svein Håvar på kurs så ej å bonnja vart heime aleine til torsdag. Fredag hadde Svein Håvar fri så vi fekk ordna siste rest av handel og rydda opp litt. Vi har ikkje tat i bruk noko av nye roma. Einaste som snart er ferdig er arka, der soveromet vårt skal vere. Men ikkje heilt innflyttingsklart enno.


På Stovene har vi retta opp og lagt nye golv. Desse vart ej veldig fornøgde med. Her er spisestova. Vidare har karane mine laga til ny brannmur og ny stein over og under ovnen. Ej likte den og er godt nøgd.




Vesle julafta fekk ej på dukar endatil!!Her er gamlestova vår. Den er som den har vore utanom golve og at vi har fått inn ei verandadør og ei dobbeldør som skal opne opp inn til nye stova.


Her e vesle nissefrøkena vår, klar for julegåeåpning.





Juletred måtte til.


Ongane meinte de måtte vere skogsnissen som kom i år, pga hatten... Mathias gjønaskua nisse, men held de for sej sjølv.

Her er dei midt i gåveåpninga.


1.juledag braka de laust!! I ordets rette stand. Vi var på dalen i juleselskap når straumen gjekk, Anna å Runa synest de var litt spennande og gøy,

Mathias fann fram underholdninga, han spelte og systa lyste med haudelykt.

Det var ikkje kjekt å høyre på orkanen. Den ulte voldsomt og rista godt i huset. Men gamle delen som er over 100 år visste vi ville tåle veret, men me var meir spente på nye delen. Men den stod også prøva, og godt er det!! Ongane var ikkje goo å få til å sove, men dei bikka til slutt.. På stova.


2.juledag var de synfaring for å sjå på skadane. Kring husa var det heldigvis lite å sjå. To takstein på garasja var vel de einaste... Men skogen har derimot fått seg ein god trøkk... Men kva er vel de... ingen skade på hus eller folk. De va de viktigaste!! Vi veit ikkje kor stor skaden e på skogen enno, de vil tida vise.

Det ligg mykje store graner og bjørker...


Denne grana ligg rett framfor marka, Anna blir ein prikk i forhold.



Ja dette er ei kort oppsumering av jula vår. Tida fyk og det nærmar seg først nyttårsfeiring, før de e ein månad igjen til termin. Men ihvertfall godt å kome sej i hus i god tid før minien kjem. Har i dag leita fram litt babyklede, må ta de litt langs med sida forma mi ikkje e noko å skryte av. Ha ei fin nyttårsfeiring mine lesarar. Her skal me ta de me ro å nyte fridagane.


Klem Linda