onsdag 27. oktober 2010

Å leve med naturen

Naturen
Eg er oppvaksen på Nedrelida med naturen ved mi stovedør... Frå eg var lita jente har eg traska skogane på kryss og tvers, laga hytte, klatra i tre og ikkje minst hatt små piknikkar med saft og kjeks. Eg hugsar godt stundene der eg fekk lov aleine å gå i skogen på leit etter pappa som var på vedaskogen. Eg hadde då med meg pølser i sekken og eg og han spidda pølser til formiddagsmat... ikkje rart vi spiddar pølser her i heimen enno...
Eg er så utruleg glad for at eg kan vidareføre denne flotte naturen til ongane!
Naturen er for meg ein friplass frå tv, data, husarbeid, mas og kjas. Det å gå ut, høyre på dyra i skogen, sjå dei ulike vekstane som veks og døyr alt etter årstid, ja det er for meg himmelsk. Eg føler meg fri og utruleg priviligert som har den så nært.
Ungane har heldigvis arva både meg å mannen med gleda av å nyte naturen. Nevner ein ordet UT her i huset er ungane klare med kleda og sko. Det varmar eit morshjerte å sjå gleda dei viser ved å få vere ute. Dei er flinke å styre seg mykje sjølve også, tross alderen 1,5 og 4 år. Det er heldigvis eit godt stykke til traffikert veg så dei har friheita til å få prøve seg sjølve.
Å få nyte naturen slik den er gir mange gode helsegevinstar, kroppen får trent blant anna balanse i ulent tereng, augene og øyrene får nye intrykk, mykje frisk luft og ikkje minst det å få lære ongane litt om livet i naturen... For ein befrielse...
Har lagt inn ei heil "bråte" med naturbilete tatt siste året.. dessverre me litt feil rekkefølge av og til...


Bålet er ein sjølvskreven ting for oss. Då er dagen fullkomen!

Med litt tilrettelagt leik held ein ut enda lenger ute. Her med masse gode vennar.

Naboane har sauer og vi er helsige å få ha dei på beite om sommaren, deilig med sauelukt for våre del. Eg vaks opp med sauer og synes dei er flott dyr med stor personlegheit.

Vi har for første gong på fleire år hesja her på garden. Mesteparten av høyet var til sauene til naboane, men noko lite var til hønene. Artig å gjere slike ting igjen. Ihvertfall når ein er mange ilag.

Kjekt å kome fort oppi treda, juks med stige. Her er Mathias på Leite i Åmdalen, der bur besteforeldra. Her har dei elv, noko vi ikkje har heime.

Bilde talar vel for seg eigentleg...
"Uten mat og drikke dug helsten ikkje"

"Tidleg krøkast, som god krok skal bli"
Mathias kunne godt tenke seg å prøve motorsaga.. men litt i tidlegaste laget...
Trenar med hjelm enno.

Mange naturlege hytter.
Her er Svein Håvar og Pappa (Hogne) i ferd med skoging og vedahogst.
Det gror jammen fort att...

Nydeleg med blå himmel og snø.

Steiking av sveler til ei forandring.
Her er det atter spidding av pølser. Denne dagen sov Mathias og Morfar middagslur i sola.. merkelege greier tenkte eg... ja de va merkeleg for guten vakna med 40 i feber...

Å så dyrelivet då.. treng ikkje ha dyr sjølve for å få unnsetting på markane.. desse var berre 6 av 11 som gjekk å beita ein kveld. Eg sat i over ein time å såg på dei. Utruleg fasinerande å sjå.

Her gjer dei klart for brising :-)

To store karar som som opp på attelega ein kveld... den
til venstre har ikkje mindre enn 16 taggar på honnja!! Han veg nok nokre hundre kg denne karen!
Du kan tru det reiv i skyttarhanda til jegeren i huset!!

Lisje budeia trenar til ho kan kjøyre stor traktor sjølv.

Litt meir tillaga leiker. Reiing er artig.

Men reia kan brukast til så mangt.

Bærskogen litt så nært at ein lett kan plukke pålegget til kveldsmaten.
Blåbær.

Små bakkar er inga hindring for ei skikkeleg "utetaus".
Ein aldri så liten potetåker måtte vi ha for å sjå korleis det gror der.
Å jammen vart det god avling. (sukker ertene var alt oppetne når bilete vart tatt)
Jegeren har ordna matauk, då denne 8 taggaren fall første helga i jakta. Heile 130 kg var han så vi overlever vinteren i år og. Den er skoten i Bjørdalen.

Slik flott reie har vi ikkje heime så måtte til Trandal for å prøve denne.

Å få gå tur ilag med gode kompisar er kjekt.
Her på tur rundt Bjørdalsvatne.
Ha ein fin dag alle saman !!!
Linda


























Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar