mandag 13. desember 2010

Juleforberedelsar

Ja mi kjære Farmor på 84 år, ho dukkar gjerne opp når eg puslar med gamle tradisjonar!! Ho er sprek som ein 50 åring og verdens beste. Ho passar ungane, ho kjem innom oss å ser at vi har det bra, ho lagar kaker.. ja ho er eineståande... Vi kosar oss så ilag med henne å kjenner oss priviligerte med å få bu 4 generasjonar så tett i lag, jo for ho er vår nærmaste nabo :-)
Her er det syltaflesket som blir til :-) Grisehaude blir renska og undersøkt for uetande "eitelar" som ho seier... det er nokre kjøttknutar i kjøtet som ikkje skla etast..
Her er det kokt og skal leggast til press. Pressa har eg lånt med farmor og den står høgt på ønskjelista til jul og bursdag :-)

Svein Håvar har røykt mange kg med laks til jul. Her har han vakumert og gjort klart til frysing. Mange julegåver og mykje til oss sjølve. "nam nam"

FLATBRØDBAKING!!
Eg har i fleire år tenkt å bake flatbrød og løfser, Farmor har nemmeleg hatt lyst å lære meg.. Eg har drøya det i det lengste.. men no heiv eg meg rundt på flatbrødet. Løfsene for vi ta att... Men her ser de farmor begynne med mjølset til deiga..

Desse hendene har i alle dei år laga mat, strikka, hekla, passa små born og ikkje minst i mange år passa dyra på garden... Dei har begynt å bli slitne, men dei gir ikkje opp av den grunn <3

Her har vi starta steikinga på takka.

Her bakar eg ut, ja eg klarte det faktisk. Utan at det hang fast i papiret og blei altfor mange hol i .

Farmor har mykje betre teknikkar enn meg.. men eg kjem meg vel... Her lagar ho til emna.
Gjekk unna med to som baka.

Gode farmor som steikar.

Vart jammen ein bra stabel.

Å etterpå måtte me sjølvsagt smake på godsakene. Med ekte meierismør. Å me va særs nøgde med resulatet :-)

Her er baksten trygt plassert i ei gammalt bakste tine. Kjekt med det gamle som kan brukast også.

Julemannar har vi og laga. Her er eit stort nissepar.

Fint plasserte i boksa. Ei gammal boks som har våre i huset her i frå gammalt av...

Å 1.desember fant Mathias første egget hos hønene. spennande.. men det tok 1,5 veke før egg nr to kom.. spennande å sjå når neste kjem. Her ser de størrelseforskjellen. Det minste er kyllingegget. Litt større det som kom som nr 2. Så det er håp for normale egg etterkvart :-)
Ja eg er så å seie ferdig til jul... nokre få julegåver og litt vasking så er det gjort!! Anna er no heime med MASSE prikkar, ja her herjar vannkoppane på ein liten kropp... mykje feber og tusenvis med prikkar. Lukka er det at ho ikkje kleiar så innmari...
Ha ei fortsatt fin førjulstid alle kjente og ukjente!!
Ja her må vere nokre ukjente også innom for tala i teljaren vise det.. kjekt med tilbakemeldingar.....
Linda




5 kommentarer:

  1. Ett kjempe fint innlegg Linda <3

    SvarSlett
  2. Kjekt å lese om førjulsaktivtetane dokka, jammen he du laga masse godt! :)

    SvarSlett
  3. Pjuh... blir litt sliten ta å lese bloggen din ej linda;) Du gjer skam på oss andre:p

    SvarSlett
  4. Litt av ei husmor du Linda ;) Neste år har ej og Solveig en avtale om å prøve oss på lefse. Kanskje du vil slå lag med oss :)) Bodil

    SvarSlett
  5. Hjelpe mej Linda, du e virkelig flinke :)

    SvarSlett