fredag 3. desember 2010

Skatten vår :-)

Vi er ganske stolte av skatten vår!! Skatten vår det er kjellaren...Her er mange timar med arbeid nedlagt, men vi er veldig fornøgde og stolte over å ha noko som ikkje så mange andre har!!
Her ser de bilde av utgangspunktet... Ikkje mykje å skryte av nei :-)
Men godt gjøymd inni mellom MYKJE rot var mange flotte skattar!!

Og her er sjølve dronninga vår. Grua!!

Ein godt brukt kjellar, men som hadde fått stått einsam i mange mange år...

Etter å ha greve ut over ein meter med mold og leire ut med murane og ca meteren med det same i resten av kjellaren for hand, vart det endeleg støypt for å få huset tett.

Og sjølvsagt med varmekablar!!

Murane er slemma og pussa for så mala.
I taket har vi fora ned i mellom dragarane og isolert for kulde og lyd.

I taket har vi gamle fjøslampar med glaskuplar :-)
det er ikkje lett å få tak i no til dags.. dei er i plast no.
Vi har også nokre spottar ut med glasa og rundt gruva.


Ei nyoverhalt grue.

Mathias kikkar nyskjerrig inn..

Som "pynt" på veggane har vi hengt opp forskjellige redskap.
Nesten alle tinga har vi funne i huset og litt fram i løda.


Desse fant vi fram i løda. Godt nedstøva og innestabla...
Ski laga på Volda Skifabrikk :-)


Mange flasker.. alt frå alkohol til medisin og melk.

Og kva er vel betre enn fyr i grua <3>
Her er det dekka til Anna sin 1 års dag..
snart er det 2 års dagen som står for tur!!

Fyrmester Vatne

Her ser ein kor mykje snøv det var i jan 2010.

Her er nokre små ski, ikkje så altfor gamle, men flotte synst eg.

Dette store saltetrauet var i kjellaren. Etter skrubbing vart det flott.
Ungane likar å leike i det, men oftast blir det brukt til å ha ved i.

Mang ein ettermiddag, eller søndag... har vi spidda pølser om veret har
våre for vått eller at det har våre for mørkt. Ungane synest det er veldig
spennande å få vere der.

Her steiker min bror Pål Gunnar potetegull i eit gammalt vaffeljern...
Kvifor ikkje.. må vel vere lov å leike litt også!!

Avslapping...

Her er det dekka til gruppemøte på jobben. Serverte sjølvsagt hjortegryte...
Det har blitt min spesialitet så dei som kjem på middag her må
rekne med den menyen...

<3>
Ja no har eg røpt skatten vår :-) synest det har blitt flott om eg må seie det sjølv... Med så mange gamle flotte ting er det veldig kjekt å ha ein skikkeleg plass å ha dei. Har enda feire skattar i løda og fjøsen, så etterkvart må dei også fram i lyset.
Til helga skal vi feire Anna som blir 2 år å sjølvsakt blir eine selskapet hennar i kjellaren. 2 veker etter det blir Svein Håvar 30 år og han skal også feirast i kjellaren med gode vennar :-)
Vi gledar oss :-)

2 kommentarer:

  1. Veldig fint i kjellaren dokka :D

    SvarSlett
  2. ja ditta kan en kalle en skikkeli skatt:)
    Superflott he dokke fått de :)

    klem

    SvarSlett