lørdag 25. desember 2010

Året 2010

Ja slik starta året 2010, å jammen sluttar det slik også. Det var og er flotte dagar med klarvær, tross mange blå grader.
Året har vore innhaldsrikt på mange måtar. Anna og Mathias kosar seg i Sollia Barnehage der dei stortrivst med fantastisk personale. Anna går på Veslefrikk og Mathias går på Tyristova. Eg jobbar på Mork Rehab senter med utruleg kjekke kollegar og Svein Håvar jobbar på 11. året på Bil og Gummiservise.
Tenkte å ta ei lita oppdatering av året vårt. Vi har de både travelt og hektisk i kvardagen, men me prøvar å ta vare på kvarandre og kose oss ilag tiltross. Januar starta med knusing av pepparkakehus :-)
Annamora vår fylte 1 år, 25 januar. Tida flyg og om ikkje lenge er ho 2 år.

Ho byrja gå rundt eit års dagen sin og ho var ikkje vanskeleg å be om å gå ute då hp fekk ut ei gåvogn. Nydeleg vintersol.

Det var mykje snøv i Vikebygda denne vinteren. Pappa og Svein Håvar måka seg ein voldsom tipp-plass for snøven og her står traktoren ca 7-8 meter over bakken.

Reint og flott med snøv. Her skal Mathias fange katten.

Eit bilete frå kjellaren viser mengda med snøv. Utruleg rart å sjå.


Ein vant laurdags-syssel. Mathias og Morfar spiddar pylser..
Mathias har funne seg ei barhytte.
Anna likar seg også i skogen og et her pylser ilag med Mormor.
Her prøvar Pål Gunnar seg på å "steike potetgull" i grua. Vi har hatt mange koselege stunder i kjellaren med levande flammar i grua.

Og mange mange bål har vi brent ute....
Ein snø skulptur hos onkel som er naboen vår. Liknar faktisk på Kannesteinen i Måløy.

Mathias har funne seg mange fiskestenger og er kalr for fiskesesongen seier han.

Steiking av sveler på bål utanfor huset. Svein Håvar fyrer.

Årets fyrste vårteikn var denne Krokusen.


Mai starta med konfirmasjon og Anna er her pynta med bunad som har våre min sin.

Det yrande dyrelivet tross få husdyr er fantastisk. Her har hjorten møtt fram for matauk. Denne kvelden telde vi 11 dyr i slengen.

Våren har kome og det er tid for brenning av skathaugane :-) spennande synest Mathias.

24.mai fylte Mathias 4 år. Han fekk seg legohelikopter. Og han er ein ivrig legobyggar. i timevis kan han sitte å byggje fantasiskip og liknande.

Vi har lenge snakka om å få oss høner. Vi vurderte fram og tilbake kvar vi skulle ha dei. Etter mykje fram og tilbake bestemte vi oss for å rive dette gamle vedahuset på løda og byggje nytt hønsehus. Her startar rivinga.
Vi er velsigna med 2 små som er i sitt rette element når dei får vere ute. Her er Anna i farta, knapt råd å få henne med på bilete.
I slutten av Juni reiste vi til Lillehammer ilag med våre 3 herlige vennefamilier. Med 17 store og små kosa vi oss på firmahuset på Øyer. Ei utruleg flott helg. Vi kosa oss einheil dag på Hunderfossen i flott ver.



Her passar trollet på oss.



Og ein dag var på vi på Maihaugen.

Etter denne helga reise vi vidare til Oslo og Kongsberg, der vi møtte og budde med familie av Svein Håvar
Så gjekk turen vidare til Kristiansand og Dyreparken. Her møtte me naboane våre fram på Tømmerbakken og hadde flotte dagar med skikkeleg sørlandssommar.



Ein opplevelse å få vere med på Kaptein Sabeltann si skute. Og ikkje minst å få sjå showet med Kapein Sabeltann.




Naboane har god kjennskap til Langedrag og vi var så heldige å få vere med dei dit på ei overnatting. Vi fekk låne dette flotte selet på setra og hadde ei flott natt der. Vakna til regn dagen etter, men fekk oss fleire timar i lag med dyra. Her henta vi oss også egg til utklekking.








Ei veke i sommar hadde me fjøsen på dalen. Og nabogutane er her konsulentar for Mathias som måkar for kalvane.

Når vi kom heim frå ferie lånte vi oss rugemaskin og 21 spennande dagar stod for tur.

Å vips kom kyllingane som perler på ei snor. 15 var dei i talet. Det var svært for begge ungane, sjølv om Anna var noko skeptisk til å ta på. Mathias var omsorgfull og flink å styre med dei.



I slutten av august var vi på båttur til Øye og Trandal i lag med systra til Svein Håvar med familie. Ein utruleg flott tur i haustsol.


Mathias testar ut reia på Trandal, utruleg spennande med ei slik stor reie.
Ein sekk med poteter hadde stede for varmt og fekk plutseleg lange ålar. Så vi fann ut at me måtte sette dei og sjå kva vi fekk av dei. Ei lita kasse med poteter vart det og vi har hatt fleire middagar med heimalne poteter.

Hønene vaks mykje fortare enn hønsehuset så dei fekk bupel på badet, i garasja og sist i fjøsen før dei fekk flytte inn i sitt nye hønsehus.

Husbonden jaktar i Bjørdalen og jakta pangstarta fyrste kvelden med ein storbokk på 120 kg med 8 taggar. Mathias fekk fare å sjå etter elgging og var svært stolt. Skaut også ein liten kalv 3 kvelden. Så mykje godt kjøt i frysarane vår :-)
Hjertet til bukken var ikkje lite. Så vi salta på det og hengde det opp til tørk. Idag har vi smakt det og det var litt av ei delikatesse. nam nam...
Å gå rundt Bjørdalsvatnet i haustsola er å anbefale. Her er Mathias og kompisen Sebastian på tur. Flinke karar.
Å klatre er kjekt.
Eg inviterte mine herlige kolleraar på gruppemøte i kjellaren. Serverte hjortegryte med tilbeør og eg trur alle kosa seg. det gjorde ihvertfall eg sjølv ;-)
Til slutt fekk hønene flytte inn i sin nye bolig. Det fant fort roa her.
Snøen kom tidleg, men ikkje istore mengder før litt seinare. Her kjem første floksene.
Rollj måtte me lage. Mathias var veldig klar, då han hadde gjort det i barnehagen før.
Tre vart det og eg synest dei var passeleg krydra i år.
Vi har sola gjennom heile året, men ikkje mange minutta på det minste. Flott utsikt mot Vassbotnen.
Her har hjorten våre å greve etter mat.
Det vart 10 hanar og 5 høner. så vi gav vekk ein hane og tok livet av 7. Så har att 2 hanar og 5 høner. Hanane har vi ete og dei var nydelege.
Fuglane har vore ivrige på fuglebrettet i vinter. Det er tydeleg at det er lite mat å finne når det er så kaldt. Artig å sjå dei ulike sortar med fuglar som kjem innom.
Av hjoren har vi laga 30 meter med dampapølse. Av dette hengde vi opp va ein meter til mår. Smakte på den i dag. Å det var faktisk godt. Eg trudde ikkje det ville falle i smak for meg, men jammen var det godt.

Skia måtte sjølvsakt testast. Og Anna skulle ikkje vere dårlegare enn broren. Ho ville klare sjølv og kosa seg med det. Så når det blir litt varmare i veret gledar vi oss til fleire turar på ski.

Julekortposering måtte til ein fridag!! Fram i beite bar det og ongane synest det var kjekt dei og.
Husbonden har røykt laks. Kejkt med litt personlege julegåver og ikkje minst laks til oss sjølve då...

Eg prøvde meg for første gong som flatbrød bakar. Det gjekk over al forventning og eg gler meg til å prøve igjen. Denne gongen var det ilag med Farmor.

1. desember kom første egget. Å det var svære greier. Så kvar dag etter barnehage er Mathias fram å hentar egg.
Julemannar høyrer jula til. Vi skulle eigentleg fram til naboane å bake ilag, men grunna sjukdom måtte vi gjere det heime. Men julemannar blei det alikavel.

Grilling av pølser i skogen att, denne dagen var vi ilag med naboane.

Her ser ein størrelsen på egga. Kylling egget er ikkje store greiene, men det blir spennande å sjå kor store dei blir dei egga som kjem av dverg hønene.

Tilslutt kjem årets julekort... I skrivande stund (1.juledag) ligg Mathias på loftet med vannkoppar som han fekk i går. Det er 2 veker sidan Anna hadde det. Gode med alle sjukdommar som er unnagjort, men kjedeleg å få det i jula... Vi gjer det beste utav det å håpar dei tørkar fort inn.... Ha ei riktig god jul vidare alle lesarar, kjekt å få høyre frå dykke også.

Linda

mandag 13. desember 2010

Juleforberedelsar

Ja mi kjære Farmor på 84 år, ho dukkar gjerne opp når eg puslar med gamle tradisjonar!! Ho er sprek som ein 50 åring og verdens beste. Ho passar ungane, ho kjem innom oss å ser at vi har det bra, ho lagar kaker.. ja ho er eineståande... Vi kosar oss så ilag med henne å kjenner oss priviligerte med å få bu 4 generasjonar så tett i lag, jo for ho er vår nærmaste nabo :-)
Her er det syltaflesket som blir til :-) Grisehaude blir renska og undersøkt for uetande "eitelar" som ho seier... det er nokre kjøttknutar i kjøtet som ikkje skla etast..
Her er det kokt og skal leggast til press. Pressa har eg lånt med farmor og den står høgt på ønskjelista til jul og bursdag :-)

Svein Håvar har røykt mange kg med laks til jul. Her har han vakumert og gjort klart til frysing. Mange julegåver og mykje til oss sjølve. "nam nam"

FLATBRØDBAKING!!
Eg har i fleire år tenkt å bake flatbrød og løfser, Farmor har nemmeleg hatt lyst å lære meg.. Eg har drøya det i det lengste.. men no heiv eg meg rundt på flatbrødet. Løfsene for vi ta att... Men her ser de farmor begynne med mjølset til deiga..

Desse hendene har i alle dei år laga mat, strikka, hekla, passa små born og ikkje minst i mange år passa dyra på garden... Dei har begynt å bli slitne, men dei gir ikkje opp av den grunn <3

Her har vi starta steikinga på takka.

Her bakar eg ut, ja eg klarte det faktisk. Utan at det hang fast i papiret og blei altfor mange hol i .

Farmor har mykje betre teknikkar enn meg.. men eg kjem meg vel... Her lagar ho til emna.
Gjekk unna med to som baka.

Gode farmor som steikar.

Vart jammen ein bra stabel.

Å etterpå måtte me sjølvsagt smake på godsakene. Med ekte meierismør. Å me va særs nøgde med resulatet :-)

Her er baksten trygt plassert i ei gammalt bakste tine. Kjekt med det gamle som kan brukast også.

Julemannar har vi og laga. Her er eit stort nissepar.

Fint plasserte i boksa. Ei gammal boks som har våre i huset her i frå gammalt av...

Å 1.desember fant Mathias første egget hos hønene. spennande.. men det tok 1,5 veke før egg nr to kom.. spennande å sjå når neste kjem. Her ser de størrelseforskjellen. Det minste er kyllingegget. Litt større det som kom som nr 2. Så det er håp for normale egg etterkvart :-)
Ja eg er så å seie ferdig til jul... nokre få julegåver og litt vasking så er det gjort!! Anna er no heime med MASSE prikkar, ja her herjar vannkoppane på ein liten kropp... mykje feber og tusenvis med prikkar. Lukka er det at ho ikkje kleiar så innmari...
Ha ei fortsatt fin førjulstid alle kjente og ukjente!!
Ja her må vere nokre ukjente også innom for tala i teljaren vise det.. kjekt med tilbakemeldingar.....
Linda




fredag 3. desember 2010

Skatten vår :-)

Vi er ganske stolte av skatten vår!! Skatten vår det er kjellaren...Her er mange timar med arbeid nedlagt, men vi er veldig fornøgde og stolte over å ha noko som ikkje så mange andre har!!
Her ser de bilde av utgangspunktet... Ikkje mykje å skryte av nei :-)
Men godt gjøymd inni mellom MYKJE rot var mange flotte skattar!!

Og her er sjølve dronninga vår. Grua!!

Ein godt brukt kjellar, men som hadde fått stått einsam i mange mange år...

Etter å ha greve ut over ein meter med mold og leire ut med murane og ca meteren med det same i resten av kjellaren for hand, vart det endeleg støypt for å få huset tett.

Og sjølvsagt med varmekablar!!

Murane er slemma og pussa for så mala.
I taket har vi fora ned i mellom dragarane og isolert for kulde og lyd.

I taket har vi gamle fjøslampar med glaskuplar :-)
det er ikkje lett å få tak i no til dags.. dei er i plast no.
Vi har også nokre spottar ut med glasa og rundt gruva.


Ei nyoverhalt grue.

Mathias kikkar nyskjerrig inn..

Som "pynt" på veggane har vi hengt opp forskjellige redskap.
Nesten alle tinga har vi funne i huset og litt fram i løda.


Desse fant vi fram i løda. Godt nedstøva og innestabla...
Ski laga på Volda Skifabrikk :-)


Mange flasker.. alt frå alkohol til medisin og melk.

Og kva er vel betre enn fyr i grua <3>
Her er det dekka til Anna sin 1 års dag..
snart er det 2 års dagen som står for tur!!

Fyrmester Vatne

Her ser ein kor mykje snøv det var i jan 2010.

Her er nokre små ski, ikkje så altfor gamle, men flotte synst eg.

Dette store saltetrauet var i kjellaren. Etter skrubbing vart det flott.
Ungane likar å leike i det, men oftast blir det brukt til å ha ved i.

Mang ein ettermiddag, eller søndag... har vi spidda pølser om veret har
våre for vått eller at det har våre for mørkt. Ungane synest det er veldig
spennande å få vere der.

Her steiker min bror Pål Gunnar potetegull i eit gammalt vaffeljern...
Kvifor ikkje.. må vel vere lov å leike litt også!!

Avslapping...

Her er det dekka til gruppemøte på jobben. Serverte sjølvsagt hjortegryte...
Det har blitt min spesialitet så dei som kjem på middag her må
rekne med den menyen...

<3>
Ja no har eg røpt skatten vår :-) synest det har blitt flott om eg må seie det sjølv... Med så mange gamle flotte ting er det veldig kjekt å ha ein skikkeleg plass å ha dei. Har enda feire skattar i løda og fjøsen, så etterkvart må dei også fram i lyset.
Til helga skal vi feire Anna som blir 2 år å sjølvsakt blir eine selskapet hennar i kjellaren. 2 veker etter det blir Svein Håvar 30 år og han skal også feirast i kjellaren med gode vennar :-)
Vi gledar oss :-)