søndag 7. november 2010

"Rollj"

He fått sytt rollen for i år :-) synst det er veldig kjekt me slike tradisjonar. Mange brukar å stappe i netting, men sjarmen for min del er å sitte med nål og trå :-)
Her ligg dei klar for tining. I år brukte eg litt fårikålkjøtt som supplemang for å få dei ekstra kraftige.
Måtte fjerne beina først.
Mathias hadde gjort det i barnehagen tidlegare og han var fagkonsulent.
Rett flink å sy var han så lenge trottet varte....
Her er vi klare til å begynne.
Her har vi sytt i hop to slagsider for å få rollen større.


Etter å ha hatt på masse godt krydder og lagt inni supplemanget var det å rulle den i hop og starte syinga.

3 flotte rollar om eg skal få seie det sjølv. Dei vart kraftige og fine så håper dei blir gooo :-)

Eg har tidlegare kjøpt ferdig blanda krydder, men det gjorde eg ikkje i år. Eg tok å leitte fram oppskrifta til mi kjære mormor og brukte den. Så eg håper eg er like heldig med blandinga som ho brukte å vere <3
No ligg dei i salt og skal gjere det nokre dagar. Så blir det koking, pressing og til slutt oppdeling og vakumering før dei går i frysaren . Nydeleg rollj ligg på i frysaren heilt fram til neste jul. NAMNAM :-)
Det neste som står på programmet no er syltaflesk og etterpå hjortepølse.
Det er herlig med førjulstid <3
Til slutt eit stemningsbilde frå Nedrelida. Her er vinteren komt med snøv og det er flott og reint ute. Det er kaldt så håper det held seg slik for det er så fint... Endatil sola kikka fram i dag. Eg er jammen glad vi har sol heile året!


2 kommentarer: